5 gode grunnar til å handle lokalt

Du får som oftast den vara eller tenesta du treng i lokalsamfunnet ditt. Det er også mange andre fordeler med å bruke nærbutikken:

Det er som oftast kort veg til nærbutikken. Ein del av varene i dei lokale butikkane er også kortreiste. I matbutikken din har kanskje ein bonde i distriktet eller ein annan lokal produsent fått plass til varene sine i butikkhyllene.

Mange ungdommar har sitt første møte med arbeidslivet nettopp i ein lokal butikk – som helgejobb eller sommarjobb.

Butikken eller andre lokale bedrifter stiller ofte opp som sponsor for idrettslaget eller kulturaktivitetar i lokalsamfunnet.

Mange lokale butikkar er møteplass for unge og gamle.

Når lokale butikkar og andre lokale bedrifter klarer seg brukbart, blir det arbeidsplassar og etter kvart fleire pengar til helsetenester, kultur, skular, vegar, ungdomsaktivitetar, eldreomsorg, lag og organisasjonar – eller til folk som treng hjelp i vanskelege tider.

Tusen takk for at du handlar lokalt! Helsing oss i lokalavisene. Gjennom Landslaget for lokalaviser (LLA) og desse annonsekampanjane viser vi kor bra det er å bruke lokale krefter og lokale butikkar. Dette gjer vi i samarbeid med andre som også er opptekne av lokal handel.

#handlelokalt

Foto: LLA, Cam Morin/Unsplash og Valentina Locatelli/Unsplash.