Tusen takk til deg som handlar lokalt

Det går mot lysare tider, og vi gler oss over at meir og meir etterkvart skal opne att.

Vi i lokalavisene er også glade for at dei som arbeider i butikkane, held ut. Og ikkje minst: I dag sender vi ein ekstra stor takk til alle dykk som handlar lokalt!

Dersom du bruker nærbutikken din, er du også med på å sikre lokale arbeidsplassar og hyggelege møteplassar. Dei fleste av oss liker jo levande lokalsamfunn der folk kjem saman for å slå av ein prat. Vi ønskjer oss alle meir av det i tida som kjem.

Når du handlar lokalt, bidreg du også til lokale skatteinntekter og offentlege tenester. Og mange ungdommar får helgejobbar og sommarjobbar i nærbutikken.

Vi i lokalavisa di, og Landslaget for lokalaviser (LLA), viser gjennom annonsekampanjane våre kor nyttig det er å bruke lokale krefter og lokale butikkar. Dette gjer vi i samarbeid med andre som også er opptekne av lokal handel.

Tusen takk for at du handlar lokalt.

#handlelokalt