Tusen takk til alle som arbeider med lokal handel

Vi i lokalavisene sender i dag ein stor takk til alle dykk som arbeider i butikkane i nærmiljøet vårt.

Nokre av dykk har måtta stenge dørene i ein periode, andre har jobba nærast døgnet rundt for å halde hjula i gang. Felles for alle som driv med handel og service, er pågangsmot og kreative løysingar. Slik får vi framleis tak i mat, klede, sports- og fritidsutstyr, interiør, byggevarer, bøker og bilar. Og nesten alt anna vi treng til kvardag og fest.

Også mange andre flinke folk i nærmiljøet er med på å halde butikkane i gang: Lokale produsentar, leverandørar og folk som driv med transport, reinhald, rekneskap, bank og eigedom.

Jau då, i desse tider er det sjølvsagt også mange andre som fortener varme tankar og ein ekstra stor takk, blant anna helse- og omsorgsarbeidarar, lærarar og tilsette i barnehagane – som alle tar godt vare på både unge og gamle. At vi no gir dei som arbeider med lokale tenester og handel litt ekstra merksemd, skuldast at Landslaget for lokalaviser (LLA) og lokalavisa di nyleg starta ein annonsekampanje nettopp for lokal handel. Litt fordi vi sjølve er avhengige av livskraftige bedrifter og annonsørar, men aller mest fordi vi bryr oss om levande lokalsamfunn. Dette gjer vi i samarbeid med andre som også er opptekne av lokal handel.

#handlelokalt

Item 1 of 3