Også lokalavisene bidrar til lokal handel

Det er du som handlar lokalt, eller som arbeider i nærbutikken, som skal ha størst heider og ære for at vi har lokale butikkar rundt oss. Når det er sagt: I all beskjedenheit vil vi i lokalavisene minne om at også vi bidrar med vårt!

Lokalavisa på nett og papir er nemleg ein svært nyttig mediekanal for alle som driv med lokal handel. Butikkane, og andre som driv med service og tenester, får vist fram tilboda sine gjennom lokalavisa. Vi i avisene kan også ofte gje råd og hjelp til lokale butikkar om sosiale medium eller andre måtar å marknadsføre seg på. Slik bidrar vi til å få kundar inn i butikkane.

Kantar, verdas største meiningsmålingsselskap, la nyleg fram meir dokumentasjon om ulike mediekanalar. Heldigvis ser vi at folk framleis har stor tillit til norske lokale og regionale aviser. Nesten 90 prosent av dei som bruker media, har svært eller ganske høg tillit til lokale og regionale aviser på nett og papir! Dette betyr også at annonsørane våre får fram bodskapen sin i ein truverdig samanheng.

Og det er rart med det, når lokale butikkar og bedrifter bruker lokalavisa som annonsekanal, er jo også det ein form for lokal handel ...

Tusen takk for at du handlar lokalt – og for at du les, og bruker, lokalavisa.

#handlelokalt

Denne annonsekampanjen er eit samarbeid mellom lokalavisa di og Landslaget for lokalaviser (LLA). Saman med andre som også er opptatt av lokal handel, viser vi fram fordelane ved å handle lokalt.

Foto: LLA og Headway/Unsplash

Item 1 of 3